Maria W. Ose

Maria (f. 1998) kjem frå vakre Vestlandet, nærare bestemt Sandane i Sogn og Fjordane. Ho har vokst opp i Gloppen kulturskule der ho starta som 7- åring med John Rune Ødven som lærar, og har seinare også gått musikklina ved Firda vgs med same lærar. Da ho var 15 år, kom ho inn på det nasjonale talentprogrammet Barratt Due Unge Talenter i Oslo, og gjekk der samtidig som ho fullførte både ungdomsskulen og vidaregåande skule på Sandane. På Barratt Due hadde ho både professor ved NMH og alt. solofløytist i Oslo-Filharmonien Tom Ottar Andreassen og Randi Krogvold Lundqvist som lærarar. I 2017 kom Maria inn på utøvande fløyte ved Norges Musikkhøyskole, og studerer no hos Tom Ottar Andreassen og solo piccolofløytist i Oslo-Filharmonien Trond Magne Brekka.
Både Maria og hennar tvillingsøster Ingrid har i tillegg inngått eit musikalsk samarbeid med fiolinist og komponist Henning Kraggerud, som har arrangert eigne og andre sine verk for og med dei. Både stykke for fløyteduo, kammermusikk og solistverk, i tillegg til eit originalkomponert verk han har dedisert duoen deira. Med Kraggerud spelar dei også konsertar aleine og samen med andre musikarar.
Maria har vunne ei rekke prøvespel, m.a. til talentorkesteret Ung Filharmoni - og har dermed fått spele solofløyte saman med Oslo-Filharmonien - og til talentsatsinga til Valdres Sommersymfoni der ho er Papillonmusiker sommaren 2019. Hun deltek då som musikar på festivalen saman med store navn som Henning Kraggerud og Eldbjørg Hemsing. Maria har også spelt med musikarar som Guro Kleven Hagen, Sara Övinge, Per Kristian Skalstad og Fransisco Lopez. Som 15-åring var Maria solist med Kringkastingsorkesteret saman med si tvillingsøster Ingrid, og dei har begge seinere vore solistar m.a. på Barratt Due sin store julekonsert i Oslo Domkirke og med talentorkestera på Norges Musikkhøyskole og Barratt Due. Ho har også spelt på meisterklasser med nokre av de største fløytistane i verda, som Andrea Lieberknecht, William Bennett, Philippe Bernold og Denis Bouriakov. Maria har også representert Noreg i Lions European Music Competition, der ho deltok i finalen saman med 17 andre førsteprisvinnarar frå 17 europeiske land. Dirigentar ho har spelt med er Vasily Petrenko, Christian Vasquez, Joshua Weilerstein, Bjarte Engeset, Eivind Aadland og Per Kristian Skalstad.
Maria er godkjent vikar i KORK, og ho studerer no ved Hochschule Für Musik und Teater i München.
Maria har mottatt ei rekke stipend, m.a. Drømmestipendet frå Norsk Tipping, Furorestipendet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, TÆL-stipendet frå Sparebanken Midtnorge der ho og Ingrid også blei Årets kulturtalent, og fleire stipend frå Johnny Ellings Legat og Skipsreder Wilhelmsens Stiftelse.